Nyno for nynorskelevar
(Nynorsk versjon)
Nyno er eit omsetjingsprogram som tek utgangspunkt i ein bokmålstekst. Det skal ikkje brukast direkte på nynorske tekstar. For deg som sjølv bruker nynorsk eller arbeider med norskfaget, er det særleg tre delar av programmet som kan hjelpe deg til betre nynorsk. Det er grammatikkdel med bøying og ordval, språkmalar og omskrivingshjelp.
Merk! Nyno er eit omsetjingsprogram, med spesielle reglar for bruk til eksamen.
Bøying og ordval
I nynorsk er det stor valfridom. Her er nokre enkle eksempel. Du finn mange fleire i programmet. Alle desse setningane er like lovlege etter nynorsk rettskriving, hovudformer:
- Venstre anbefalte at saka blei utsett da behandlinga begynte i kommunestyret.
- Venstre tilrådde at saka vart utsett då handsaminga byrja i kommunestyret.
- Elevane blei kjørde til skolen så dei kunne komme fram i tide.
- Elevane vart køyrde til skulen så dei kunne koma fram i tide.
Sjølv om setningane er lovlege, er det ulike meiningar om kva som er best å bruke på nynorsk. Dette er avhengig av dialektbakgrunn og ulikt syn på korleis nynorsk bør skrivast. Somme likar eit konservativt språk, andre eit meir radikalt som ligg opp mot bokmål.
Nyno har med dei fleste lovlege former, og legg opp til at du sjølv kan forme språket slik det er naturleg for deg. Programmet tek ikkje stilling til om brukaren skal nytte bokmålsnært eller tradisjonelt nynorsk. Dette er opp til den som bruker programmet.
Programmet gir godt oversyn over valfridommen, både på klassenivå og for enkeltord.
I rettskrivinga skil ein mellom hovudformer og sideformer. Hovudformene har alle lov å skrive, medan det ikkje er lov å bruke sideformer i skriv frå det offentlege eller i lærebøker. Nyno viser forskjellen mellom dei.
Språkmal
Dei endringane du gjer i bøying og ordval, blir lagra i ein språkmal. Alle tekstar som du omset med denne malen, vil bruke dei formene som ligg i malen. Slik får du eit konsekvent språk. Du kan også lage din eigen mal. På denne måten kan du bli trygg i ei form som passar deg og som du gjerne vil bruke.
Nyno blir levert med fleire ferdige malar som er tilpassa hovudtrekk i dialektane i ulike landsdelar. Så langt er det utarbeidd malar for Hallingdal, Vest-Telemark, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Det er eigne malar for hovudformer og for sideformer. Sideformmalane er meir tilpassa dialektane enn hovudformmalane. Dersom du vil ha ein heilt lokal dialektmal, er det lurt å ta utgangspunkt i malen for landsdelen, tilpasse han og lagre med nytt namn.
Omskrivingshjelp
Slett ikkje alle bokmålsord har tilsvarande ord på nynorsk. Ofte må ein skrive om setninga for å få godt språk. Ikkje reint sjeldan ser ein at språket på bokmål også blir dårleg når ein bruker dei same orda. Klassiske eksempel er substantiveringar av verb eller adjektiv, der ein på nynorsk (og også på bokmål) bør bruke eit meir verbalt språk. Eksempel: alminnelighet, minnelighet, saklighet.
Nyno gir melding om mange av desse problemorda og gir hjelp til å skrive dei om.
