Nynodata utviklar omsettings-, korrektur- og søkjeverktøy for bokmål og nynorsk. Gjennom mange års forsking og utvikling har vi jobba fram verktøy og språkressursar som effektiviserer tekstproduksjonen og kvalitetssikrar språket.
Det norske språklandskapet er svært samansett. I tillegg til to offisielle målformer, bokmål og nynorsk, finst det ei mengd variantar innan kvar av dei. Dette stiller store krav både til skriveverktøy og verktøy for søk. Vår lokalisering i hjartet av Telemark, midt i skjeringslinja mellom bokmål og nynorsk, gir oss ein særleg god bakgrunn til å løyse tverrspråklege utfordringar.
Frå bokmål til nynorsk - med Nyno!

Nyno er eit program for omsetting frå bokmål til nynorsk. Programmet effektiviserer arbeidet med å skrive om tekstar og gir hjelp til ein konsekvent formbruk.
Finn ut meirNorsk temasøk
Sjå ulike eksempel på bruk av Norsk temasøk. Her finn du ulike måtar å bruke språkressursane på og ulike konfigureringar.
Ordrik
Ordrik er ei nynorsk synonymordliste som også gir deg nynorsk omsetting av bokmålsord. Fullt integrert i Microsoft(R) Office.
Finn ut meirNYTT! Bokmål - nynorsk ordliste!
No kan du snart få ei elektronisk bokmål - nynorsk ordliste! Når du skriv inn bokmålsordet, får du opp tilsvarande nynorskord. Enkelt og lettvint. Ordlista kan brukast til eksamen i nynorsk, sidemål eller hovudmål. Versjonar for Windows, Mac og Linux.
Er du interessert i meir informasjon, send ein e-post til salg@nynodata.no og skriv Ordliste i emnefeltet. Vi kontaktar deg så snart ordlista er klar for levering.
Aktuelt
Lansering Nyno 3.3
23.11.2009Nyno versjon 3.3 er klar. Den nye versjonen har ca 45 000 nye ord og kan no omsetje meir enn 118 000 bokmålsord til nynorsk. I tillegg kjem ei mengd samansette ord.
Langt fram til oppfylling av mållova
27.03.2009Ny statistikk frå Språkrådet viser at berre 17 av 140 statsorgan oppfyller mållova. Nynodata har utvikla programvare som kan endre dette.
Nyno i Arbeids- og inkluderingsdepartementet
02.09.2008Arbeids- og inkluderingsdepartementet abonnerer på Nyno. Frå 1. juli kan meir enn 300 tilsette i departementet bruke Nyno til å produsere nynorsk tekst.
