Installasjon Ordrik
Ordrik kan installerast som nettverksversjon, eller som einbrukarversjon på ei lokal maskin. For nettverksinstallasjon kan ein bruke dei utrullingsprosedyrane som er vanleg for standard programvare.
Installasjon av einbrukarversjon
Når du kjøper Ordrik gjennom nettbutikk, får du automatisk tilsendt nødvendig informasjon for å laste ned programmet og ta det i bruk.
Fila du lastar ned, heiter Ordrik.msi. Dobbelklikk på fila for å starte installasjonsprogrammet. Det kopierer nødvendige filer og integrerer programmet med MicrosoftWord. Undervegs blir du bedt om nødvendig lisensinformasjon. Denne finn du i e-posten du får tilsendt.
Feltet Brukarnamn skal ha informasjon frå e-posten under Serial Number Name.
Merk! Det automatiske lisenssystemet på den amerikanske nettbutikken tek ikkje omsyn til dei særnorske teikna æ, ø, å. Du må derfor skrive inn nøyaktig det namnet du har fått tilsendt, sjølv om dette avvik frå ditt eigentlege namn.
Feltet Organisasjon er valfritt.
I feltet Serienummer, skal informasjonen om Serial Number inn. Det enklaste her er å ta ein kopi frå e-posten og lime inn.
Konfigurering
I samband med installasjonen blir det laga ei mappe under Programmer i Windows som heiter Ordrik. Her finn du rettleiing til programbruk, samt særskilt program for å konfigurere ordlista.
Oppstart
Synonymordlistene i MicrosoftWord er styrt av det språket som er definert for teksten. Ordrik startar automatisk når du har valt nynorsk som språk i Word-dokumentet ditt og du vel Synonym.

