Programbruk
Både Nyno og Ordrik er enkle i bruk.
Når det gjeld Ordrik, skal det brukast på same måten som du bruker andre synonymordlister i Word. Peik på ordet, høgreklikk og vel Synonymer. Eventuelt kan du bruke Slå opp-funksjonen.
Nyno kan brukast som eit sjølvstendig program eller vere kopla til Word. Du får eit godt oversyn gjennom å sjå den sjølvgåande demoen. Dersom du treng fleire detaljar, sjå dei ulike hjelpefilene. Desse når du under menyen Hjelp i programmet.
