Spørsmål Norsk temasøk
Er Norsk temasøk ein søkjemotor?
Nei. Norsk temasøk er ein språkressurs for norsk som blir kopla til eksisterande søkjemotorar. Det er ikkje nødvendig å endre eksisterande struktur for å ta i bruk ressursen.
Kvar blir temasøket installert
Det kan installerast på kunden sin server eller hentast frå leverandørserveren. Større organisasjonar ønskjer normalt å installere det hos seg sjølv for maksimal kontroll.
Er det mogleg å søkje på andre språk enn norsk?
I dagens standardversjon er ikkje dette mogleg. Men Nynodata drøfter gjerne ei slik tilpassing for kundar som har behov for dette.
