Spørsmål om Ordrik
Kan Ordrik brukast i OpenOffice
Nei, ikkje denne versjonen av Ordrik. Dersom det viser seg at det er marknad for å tilpasse programmet til OO, vil det bli vurdert.
Får ikkje opp nynorsksynonym i MicrosoftWord
For å få tilgang til Ordrik frå Word, må språket setjast til nynorsk. Denne innstillinga finn du på Verktøy-menyen. Du kan endre språk før du startar å skrive dokumentet. Prøver du å endre språket etter at du har starta, må du merke teksten først.
Kan Ordrik brukast i andre program enn Word?
Ja, i MicrosoftOffice program som har synonymordliste for bokmål installert og der språket kan endrast til nynorsk.
Får ikkje opp omsetjing av bokmålsord
Ordrik følgjer standarden i Word, som har ei prioritering mellom dei ulike verktøya. Synonymordliste i Word er ikkje tilgjengeleg med høgreklikk dersom ordet er markert av stavekontrollen. Dette er tilfelle når du bruker eit bokmålsord som ikkje er godkjent på nynorsk. Bruk i staden Slå opp-funksjonen (på menyen eller Shift + F7).
Kva betyr (sf) bak eit ord?
Dette er ein intern kode for sideform. Vi bruker (sf) for å markere at synonymet berre er sideform og ikkje kan brukast i statleg sektor eller i lærebøker. Ordet kan brukast i andre samanhengar. Du kan slå av vising av sideformer i konfigureringsprogammet for Ordrik som du finn på programmenyen i Windows.
