Du er her: Heim > Hjelp > Aktivering

Aktivering

Einbrukarversjonar av programvare frå Nynodata må aktiverast over Internett før bruk.

Automatisk aktivering

Dersom du er kopla til nettet når du installerer, blir programmet aktivert automatisk. Merk at det kan gå opp til 15 min frå du gjennomfører kjøpet til aktiveringsserveren blir oppdatert. Får du feilmelding, vent litt og prøv igjen.

Manuell aktivering

Dersom nettkoplinga di ikkje fungerer når du installerer, kan du velje manuell aktivering for Nyno. Du får opp ein kode på skjermen som du tek med til ei maskin med nettilgang. Gå inn på adressa http://activate.esellerate.net og legg koden inn i det feltet som kjem opp på skjermen. Du får tilbake ein kode som du kan leggje inn i programmet.

Merk! Manuell aktivering er ikkje tilgjengeleg for Ordrik.