Programbruk
Både Nyno og Ordrik er enkle i bruk.
Når det gjeld Ordrik 1, skal det brukast på same måten som du bruker andre synonymordlister i Word. Peik på ordet, høgreklikk og vel Synonymer. Eventuelt kan du bruke Slå opp-funksjonen.
Ordrik 2 er eit frittståande program som blir brukt uavhengig av andre program. Er tilgjengeleg både for Windows, Mac og Linux.
Nyno kan brukast som eit sjølvstendig program eller vere kopla til Word. Du får eit godt oversyn gjennom å sjå den sjølvgåande demoen. Dersom du treng fleire detaljar, sjå dei ulike hjelpefilene. Desse når du under menyen Hjelp i programmet.
