Ordliste Nyno
Her kan du laste ned rettleiing til program for redigering av ordlista i Nyno. I programmet kan du leggje til nye oppslagsord eller endre på ord som alt ligg i lista frå før, f.eks. leggje til nye nynorskalternativ for bokmålsord.
I ordlista for Nyno ligg det bøyingsinformasjon for kvart ord. Ordlisteprogrammet spør derfor etter ordklasse og bøyingsmønster for orda du legg til. Dette krev oppdatert kompetanse i nynorsk.
Merk! Ordlisteprogrammet er ikkje tilgjengeleg i studentversjonen. På nettverk avgjer systemadministrator om det skal vere tilgjengeleg lokalt for kvar brukar eller berre som sentralt administrert modul.
Last ned (0,02 MB)