Du er her: Heim > Hjelp > Spørsmål og svar > Spørsmål om Nyno > Svar om Nyno

Svar på spørsmål om Nyno

Kven kan bruke Nyno?

Den profesjonelle versjonen av Nyno krev eit minstemål av nynorskkunnskapar som svarar til nynorskopplæringa i vidaregåande skule. Programmet arbeider setning for setning og gir forslag til nynorsk omsetjing, som brukaren må vurdere. I tillegg gir programmet alternative nynorskord for mangetydige bokmålsord.

Studentversjonen er lagt opp med tanke på at brukaren skal lære nynorsk. Men også her må teksten korrekturlesast før han kan brukast som eventuelt oppgåvesvar.

Kor god nynorsk lagar programmet?

Dette er delvis avhengig av kvaliteten på bokmålsteksten. Er denne god, blir det lite etterarbeid med Nyno. Men ein dårleg bokmålstekst vil gi mange stopp og meldingar om å skrive om teksten. Slik omskriving er avhengig av meininga i setninga, og dette må brukaren gjere manuelt.

I ein rapport for Språkrådet (Everson/Trosterud, 2000) blei effektiviteten av Nyno målt og samanlikna med manuell omsetjing av programvaretekst. Rapporten konkluderte med ein tidsreduksjon på ca 70% for testmaterialet.

Kan ein bruke Nyno på nynorsktekst?

Nei, Nyno er eit omsetjingsprogram og ikkje eit korrekturprogram. Derfor bør ein ikkje bruke programmet på nynorsktekst.

Kan ein bruke Nyno til å korrekturlese tekst?

Nei, Nyno er eit omsetjingsprogram og ikkje eit korrekturprogram. Men dersom ein skal omsetje ein tekst frå bokmål, kan Nyno korrigere ordformer og bøying i samsvar med språkmalen som er aktiv.

Kan Nyno brukast på nettverk?

Nyno er lagt til rette for bruk på nettverk. Nettverksinstallasjonen krev ein sentral serverinstallasjon og lokal installasjon av nokre filer på den lokale brukarprofilen. Lokalinstallasjonen blir utført første gong ein ny brukar startar programmet.

Merk! På nettverk må du må starte Nyno som sjølvståande program ein gong før du kan starte det frå Word, slik at brukarprofilen blir oppretta.

Kor mange ord ligg i ordlista?

Ordlista i Nyno er bygd opp rundt leksem (oppslagsord), slik ein vanlegvis finn i trykte ordlister. Reglar for bøying av desse orda er bygt inn i programmet. I tillegg er det bygt inn funksjonar for å splitte samansette ord, slik at programmet også kan omsetje desse orda. På norsk blir det stadig laga nye samansette ord, og mengda av slike moglege ord er mange gonger den mengda som er registrert i ordlistene.

Nyno versjon 3.24 har ca 74 000 oppslagsord. I tillegg kjem altså bøyingsformer og samansette ord. Den totale mengda ordformer som programmet kjenner igjen, er såleis umogleg å talfeste.

Kan Nyno lastast ned over Internett?

Dersom du kjøper Nyno gjennom nettbutikken Esellerate, kan du betale med kort og få tilgang til å laste ned Nyno direkte. Dette gjeld berre einbrukarversjonen av programmet.

På nettet ligg det også ein demo som kan lastast ned. Her kan ein sjå korleis programmet arbeider. Ein kan ikkje bruke demoen på eigne tekstar, men berre standardtekstar. Fullversjonen kan lastast ned frå nettet etter spesialavtale med Nynodata. Du får også ein god demonstrasjon gjennom vår sjølvgåande nettdemo.

Bruke Nyno med andre tekstprogram enn Word

Nyno kan brukast saman med Word frå versjon Word97 og opp. For andre tekstprogram må ein anten lagre teksten som tekstfiler (ANSI) eller RTF-filer. Dette er filformat som Nyno kan lese. Eller ein kan kopiere tekst mellom tekstprogrammet og Nyno slik det er vanleg mellom ulike Windows-program.

Merk at Nyno bruker standard RichText-format og systemfiler i Windows som støttar dette formatet. Derfor kan avanserte formateringskodar bli borte når ein kopierer mellom programma. Dette er også avhengig av Windows-versjon.

Bruke Nyno på HTML-filer

Programmet er ikkje endeleg godkjent for bruk på HTML-filer. Men ulike testar viser godt resultat. Det er mogleg å leggje inn spesialteikn som definerer kva tekstdelar programmet skal hoppe over, f.eks. dei ulike HTML-teikna.

Ta kontakt med Nynodata for meir informasjon dersom dette er eit viktig bruksområde.

Finst det Mac-versjonar av Nyno?

Nei, Nyno finst ikkje i Mac-versjon.