Kople Nyno til Word
Med Nyno følgjer det dokumentmalar som startar Nyno rett frå Word. Teksten blir henta setning for setning frå Word-dokumentet, og blir vist med forslag til nynorsk omsetjing i eit særskilt Nyno-vindu nedst på skjermen. Når du godkjenner forslaget, blir setninga lagt tilbake i Word og erstattar bokmålsversjonen.
Bruken av Nyno frå Word blir styrt av Word-makroar og er underlagt dei reglar som gjeld for makrospråket. Dette kan variere litt for dei ulike Word-versjonane.
Merk! På nettverk må du må starte Nyno som frittståande program ein gong før du kan starte det frå Word, slik at brukarprofilen blir oppretta.
