Avgrensingar i Word-setningar
Nyno bruker makrokommandoar i Word for å hente ut setning for setning. Desse gir ikkje alltid ei logisk setningsavgrensing. Ver merksam på moglege feil i desse tilfella (kan variere med ulike Word-versjonar):
-
Dersom det ikkje er mellomrom mellom punktum og neste setning, tolkar Word punktumet som del av ei forkorting. 2 eller fleire setningar blir då tolka som ei setning.
Eksempel: Her er bilen.Her er sykkelen.
Vi minner om at norsk rettskriving krev mellomrom etter setningsslutt. -
Forkortingar skal etter gjeldande rettskriving skrivast med punktum, utan mellomrom mellom ledda. Mange bruker likevel gammal skrivemåte med mellomrom mellom første og andre ledd. Dette tolkar Word-makroen som setningsslutt.
Eksempel som gir fleire setningar: Dette kan f. eks. være en hund. -
Makrofunksjonane for å hente setning i Word greier ikkje alltid overgangen mellom vanleg tekst og tekst innkapsla i objekt. Døme på dette er innhaldsliste og koplingar mot Excel som blir vist som tabell i Word. Nyno stoppar opp før desse objekta eller hoppar over dei. Dersom du manuelt klikkar inne i objektet, vil Nyno omsetje det som står der.
Vanlege Word-tabellar skal normalt bli omsette.
