Du er her: Heim > Kjøp > Firmakjøp > Bestille Nyno > Lisensmodellar

Lisensmodellar

Lisens per brukar

Nyno og Ordrik blir installert i nettverket med ein teljar som registrerer brukarar av programmet. Lisensen er knytt til brukaren og ikkje til maskina. Kvar tilsett som tek programmet i bruk utløyser 1 lisens.

Totalbrukslisens

Større organisasjonar vil ofte tene på å inngå totalbruksavtale, framfor å kjøpe lisensar til utvalde personar. Ein slik avtale gir ei fleksibel løysing og lågare driftskostnader. Alle tilsette får tilgang til å bruke programmet anten dei treng det mykje eller lite. Framfor alt sparer ein arbeidet med å kartleggje kven som har bruk for programmet og gi nye brukarar tilgang.

I totalbruksavtalen reknar ein ut lisenstalet ut frå eit estimert samla bruksbehov i organisasjonen. Utgangspunktet for utrekninga er regelen om 25 % nynorsk i mållova:

Lisenstal = Samla tal på tilsette multiplisert med 25 %.

Det blir gitt normal kvantumsrabatt på lisenstalet. For tilsette over 500 blir det lågare bruksprosent, slik at ein kjem endå betre ut.

Minste lisenstal for totalbruksavtale er 20 lisensar.