Du er her: Heim > Kjøp > Firmakjøp > Bestille Ordrik

Bestille Ordrik

Vi sel Ordrik som abonnement for periodar på frå 1 til 3 år.

Bestilling

Du kan bestille Ordrik direkte frå Nynodata eller som e-post til salg@nynodata.no. Einbrukarversjonar får du i nettbutikken.

Lisens- og installasjonsvilkår

Abonnementet gir deg ein tidsavgrensa bruksrett til produktet. Når avtaleperioden er over, kan abonnementet fornyast for ein ny periode, eller bruksretten fell bort. Abonnementet inkluderer oppgraderingar i avtaleperioden og hjelp til installasjon og programbruk etter nærare fastsette reglar.

Lisensmodellar

Vi tilbyr to alternative lisensieringsmodellar: lisens per brukar og totalbrukslisens.

Lisens per brukar høver best i mindre organisasjonar eller der berre nokre få skal bruke Ordrik. For organisasjonar på meir enn 100 tilsette, der det er vanskeleg å få oversikt over behovet, tilrår vi totalbrukslisens. Denne gir meir fleksibel installasjon og bruk og reduserte driftskostnader.