Du er her: Heim > Kjøp > Firmakjøp > Bestille Ordrik > Skulepakkar

Skulepakkar

Vidaregåande skular kan abonnere på skulepakke av Ordrik til ein svært låg pris. Skulepakken gir lisens til alle elevar og lærarar ved skulen.

Pris Ordrik for vidaregåande skule

Følgjande prisar gjeld på skulepakke for vidaregåande skular:

Ordrik grunnpakke, med lisens for 300 elevar/lærarar: kr 3600 + mva.
Ordrik lisenspakke utdanning, tilleggslisens for 100 elevar/lærarar: kr 500 + mva per pakke.

Prisane gjeld abonnement per år for sitelisens, som inkluderer alle elevar og lærarar ved skulen, med installasjon på skulen sitt nettverk. Samla pris blir fastsett etter samla tal av elevar og lærarar, avrunda opp til næraste hundre.
Eksempel: Ein skule med 580 elevar og 110 lærarar (690 totalt) treng grunnpakke + fire lisenspakkar. Pris kr 5600 + mva.

Bestilling

Du kan bestille Ordrik direkte frå Nynodata eller som e-post til salg@nynodata.no.

Lisens- og installasjonsvilkår

Skulepakken gir lisens til å bruke Ordrik for alle elevar og lærarar ved skulen, til vanlege lisensvilkår og med følgjande alternative installasjonar:

  1. Installasjon for bruk på skulen sitt nettverk (med filserver eller terminalserver).
  2. Lage eit image, som blir kopiert ned på lokale maskiner. Dette kan vere maskiner i skulen sitt nettverk, eller berbare elevmaskiner på skular som tilbyr alle elevar eller årskull eiga maskin.

Grunnpakken inkluderer lisensiering og installasjonshjelp på telefon eller e-post til eitt nettverk eller installasjonsimage. Installasjon på fleire nettverk eller image utløyser ei tilleggsavgift på kr 400 + mva per installasjon.