Bestille Nyno
Du kan bestille Nyno direkte frå Nynodata (kjøp) eller frå nettbutikk (abonnement).
Vi tilbyr Nyno som nettverksversjon etter fleire modellar, tilpassa ulike behov ved offentlege kontor og i næringslivet. Vurder særleg alternativa kjøp eller abonnement, og lisensiering per brukar eller totalbruk (sitelisens).
Kjøp eller abonnement
Du kan kjøpe eller abonnere på Nyno. Kjøp gir ein større eingongskostnad og passar for verksemder som vil ha programvare på investeringsbudsjettet. Abonnement gir lågare inngangssum og passar der ein vil ha mest mogleg for pengane på årets budsjett, eller der ein vil ha ei fleksibel løysing og vinne erfaringar i bruk av programmet utan den store kostnaden.
Det er ikkje mogleg å kombinere dei to modellane, men ein kan byte modell ved større utviding av lisenstal eller andre omfattande endringar av bruksbehovet.
Kjøp vil seie at du får ein bruksrett til produktet ikkje er tidsavgrensa. Kjøp er knytt til ein bestemt versjon av produktet. Nye versjonar får du gjennom å kjøpe ein oppgraderingspakke. Men ein frivillig vedlikehaldsavtale inkluderer oppgradering og hjelp til installasjon og programbruk. Avtalen kostar 15% av rettleiande programpris per år.
Abonnement gir deg ein tidsavgrensa bruksrett til produktet. Avtaleperiodar frå 1 til 3 år. Når avtaleperioden er over, kan abonnementet fornyast for ein ny periode, eller bruksretten fell bort. Abonnementet inkluderer oppgraderingar i avtaleperioden og hjelp til installasjon og programbruk etter nærare fastsette reglar.
Lisensmodell
Vi tilbyr to alternative lisensieringsmodellar: lisens per brukar og totalbrukslisens.
Lisens per brukar høver best i mindre organisasjonar eller der berre nokre få skal bruke Nyno. For organisasjonar på meir enn 100 tilsette, der det er vanskeleg å få oversikt over behovet, tilrår vi totalbrukslisens. Denne gir meir fleksibel installasjon og bruk og reduserte driftskostnader.
