Bestille Ordrik
Du kan bestille Ordrik direkte frå Nynodata eller frå nettbutikk som årleg abonnement.
Abonnement gir deg ein tidsavgrensa bruksrett til produktet. Avtaleperiodar frå 1 til 3 år. Når avtaleperioden er over, kan abonnementet fornyast for ein ny periode, eller bruksretten fell bort. Abonnementet inkluderer oppgraderingar i avtaleperioden og hjelp til installasjon og programbruk etter nærare fastsette reglar.
Lisensmodell
Vi tilbyr to alternative lisensieringsmodellar: lisens per brukar og totalbrukslisens.
Lisens per brukar høver best i mindre organisasjonar eller der berre nokre få skal bruke Ordrik. For organisasjonar på meir enn 100 tilsette, der det er vanskeleg å få oversikt over behovet, tilrår vi totalbrukslisens. Denne gir meir fleksibel installasjon og bruk og reduserte driftskostnader.
