Du er her: Heim > Produkt

Produkt

Nynodata tilbyr ulike produkt for norsk språk, bokmål og nynorsk. Våre produkt gjer det lettare å produsere og finne igjen informasjon på dei to målformene.

Bak produkta ligg ei rad språkressursar som delvis er sjølvutvikla og delvis kjøpt inn frå andre leverandørar. Vi har lagt ned meir enn 20 000 timar med forsking og utvikling for å kome dit vi er i dag.

Dersom du normalt skriv på bokmål eller skal omsetje bokmål til nynorsk, prøv Nyno. Ordrik er utvikla for deg som til vanleg skriv nynorsk. Norsk temasøk hjelper firma og offentlege kontor til å finne meir relevant informasjon.

Frå bokmål til nynorsk - med Nyno!

Nyno er eit program for omsetting frå bokmål til nynorsk. Programmet effektiviserer arbeidet med å skrive om tekstar og gir hjelp til ein konsekvent formbruk.

Finn ut meir

Norsk temasøk

Norsk temasøk er eit synonymsøk for bokmål og nynorsk og eit tverrspråkleg søk for dei to målformene. Systemet kan integrerast i dei fleste søkjemotorar og kan brukast på internettsider, på intranett eller som desktop-søk.

Finn ut meir

Ordrik

Ordrik er ei nynorsk synonymordliste som også gir deg nynorsk omsetting av bokmålsord. Fullt integrert i Microsoft(R) Office.

Finn ut meir