Norsk temasøk
Synonym- og parallellsøk på bokmål og nynorsk
Eit sentralt problem i den teknologien som ligg bak søkjemotorane, er at dei søkjer på stikkord utan å ta omsyn til grammatikk eller tema. Derfor finn dei ofte ikkje sentral informasjon.
Nynodata AS har utvikla eit system for temasøk på bokmål og nynorsk. Det inkluderer mellom anna synonym, omsetting til den andre målforma og bøyingsformer. Systemet kan integrerast med dei aller fleste sider som har tekstsøk, anten det gjeld Internett, intranett eller annan type elektronisk informasjonssøk.
Temasøket kan brukast som
- direktesøk: tilleggsorda frå temasøket blir automatisk integrert i søket for betre resultat.
- assosiasjonssøk: tilleggsorda blir vist på resultatsida som forslag til betre søkjeuttrykk, og den som søkjer vel sjølv tilleggsord.
- kombinasjonssøk: nære synonym blir automatisk integrert i søket (f.eks. utdannelse/utdanning). Generelle synonym og bøygde former blir viste som forslag til tilleggsord.
Temasøket kan konfigurerast etter språk på nettstaden, anten bokmål, nynorsk eller blanda. Det blir også levert med ulike presentasjonsmalar, som kan tilpassast etter behov.
Norsk temasøk er eit delresultat av prosjektet ”Automatisk språkkontroll”, med støtte frå Noregs forskingsråd og SND. I dette prosjektet har Nynodata lagt ned mange tusen timars forsking og utvikling dei siste åra. Vi har også inkludert ressursar frå omsettingsprogammet Nyno.
