Du er her: Heim > Produkt > Norsk temasøk > Aktuelle bruksområde

Aktuelle bruksområde

Norsk temasøk endrar søkjeomgrepet før det blir sendt inn til søkjemotoren. Derfor kan det i prinsippet koplast til mest alle nettsider som har søkjefelt. Systemet er uavhengig av søkjemotor, og vi ser mange bruksområde:

Offentlege kontor og firma har gjerne ei eller anna form for tekstsøk på heimesidene sine. Anten det gjeld søk på Internett eller i intranett kan dei inkludere temasøket på sida. Språkressursane i systemet kan liggje på lokal server eller på Nynodata sin server.

Søkjemotorar kan ta i bruk Nynodatas temasøk som ein tilleggsressurs og inkludere det når dei indekserer sidene.

Generelt tekstsøk. Systemet kan også integrerast i annan type elektronisk informasjonssøk, som til dømes arkivsystem, informasjonsdatabasar eller vanleg dokumentsøk. Microsoft(R) Indexing Server er eit eksempel.