Funksjonsoversikt
Nynodatas temasøk har inkludert ei rad funksjonar som gjer det lettare å søkje etter informasjon. Målet er å finne stoff ut frå eit tema, i staden for eit avgrensa stikkord. Som basis ligg ei rad språkressursar.
Vi har strukturert ressursane slik at ein i informasjonssøket kan bruke delar av dei eller alle. Dette kan web-ansvarleg eller brukaren sjølv konfigurere. Sjå teknisk oversikt. På Nynodatas demonstrasjonsside viser vi ulike måtar å bruke temasøket.
Språkfunksjonar
Her er ei oppsummering av språkfunksjonar i Nynodatas temasøk, versjon 1. Merk at som regel blir fleire av funksjonane kombinerte før det endelege søkjeuttrykket er ferdig.
|
Funksjon |
Forklaring |
Søkjeuttrykk |
Konvertert til |
|
Bokmål til nynorsk |
Omsetting |
maktesløshet |
maktesløshet OR maktesløyse |
|
Nynorsk til bokmål |
Omsetting |
næringsveg |
næringsveg OR næringsvei |
|
Synonymsøk |
Nære synonym |
ansikt |
ansikt OR andlet |
|
Generelle synonym |
anmelde |
anmelde OR melde OR rapportere OR omtale OR kunngjøre |
|
|
Stemming |
Gir grunnforma av ordet |
kjøreskolene |
kjøreskole |
|
Alternativ bøying |
Alternative bøyingsformer |
boken (bokmål) |
boken OR boka |
|
Bøying av grunnform |
Alle bøyingsformer |
hest (nynorsk) |
hest OR hesten OR hestar OR hestane |
|
Legg til grunnform |
Tillegg ubøygd ord |
røtter (bokmål) |
røtter OR rot |
