Du er her: Heim > Produkt > Norsk temasøk > Ressursoversikt

Ressursoversikt

Basisressursane i Nynodatas temasøk er leksikalske ressursar frå omsettingsprogrammet Nyno og frå Dokumentasjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo. Desse er vidareutvikla og tilpassa informasjonssøk.

Vi har strukturert ressursane slik at du i informasjonssøket kan bruke delar av dei eller alle. Det er enkelt å knyte temasøket til eksisterande eller nye heimesider. Då kan du sjølv avgjere korleis du vil bruke ressursane og tilpasse bruken etter føremålet.

Av den totale ordmengda på norsk er det mykje som er felles for bokmål og nynorsk. Det er derfor ikkje behov for omsetting av alle orda. Skulle det hende at du søkjer etter ord som ikkje vi har registrert, vil du likevel finne relevante tekstar. Søket blir berre redusert til eit vanleg søk, utan at vårt temasøk er aktivt.

Totalt har vi med desse ressursane i versjon 1.2:

Kategori

Mengde ca.

Eksempel

Oppslagsord bokmål

144000

manngard

Oppslagsord nynorsk

146000

osteklokke

Omsetting bokmål til nynorsk

Like oppslagsord, ulik bøying

94000

manngard

Ulike oppslagsord, ulik bøying

41000

ikkespredningsavtale <> ikkjespreiingsavtale

Omsetting nynorsk til bokmål

Like oppslagsord, ulik bøying

89000

osteklokke

Ulike oppslagsord, ulik bøying

39000

ikkespredningsavtale <> ikkjespreiingsavtale

Synonym bokmål

Nære synonym *

22000

utdannelse, utdanning

Generelle synonym bokmål

17000

benekte, bestride, gjendrive, tilbakevise

Synonym nynorsk

Nære synonym *

57000

skole, skule

Generelle synonym

7000

kunngjere, melde, omtale, rapportere

* Vi definerer nære synonym som ord med nesten identisk tyding, men som av dialektmessige eller stilistiske årsaker blir skrivne ulikt. Mange av dei nære synonyma er samtundes omsetting til den andre målforma. Med temasøket finn du tekstar med den parallelle skrivemåten. Søk utan temasøk finn berre tekst med det eine ordet.

Sjå også korleis vi kan bruke ulike delar av ressursane i funksjonsomtalen.

NB! Denne informasjonen er omtrentleg og kan endrast utan varsel. Informasjonen kan ikkje brukast som dokumentasjon for avtalar.