Teknisk oversikt
I denne tekniske oversikta finn du informasjon om korleis du kan integrere temasøket på di eiga heimeside. Oversikta er popularisert. Ein meir fagteknisk omtale ligg på demosida.
Demo
Vi har laga ein demo som viser hovudfunksjonane i Norsk temasøk, www.oversett.no. Der ser du eksempel på korleis det kan fungere dersom du vil integrere temasøket på di eiga heimeside. På demosida finn du også eksempel på korleis du kan konfigurere kva som skal inkluderast i søket.
Konvertering av søkjeuttrykk
I korte trekk skjer dette dersom sida di er kopla til Norsk temasøk:
- Når du tastar inn eit søkjeuttrykk, blir dette sendt til temasøket.
- Søkjeuttrykket blir utvida med alternative ord, avhengig av konfigurasjon. Det kan vere ord på den andre målforma, synonym eller bøyingsformer.
- Søkjeuttrykket blir sendt tilbake til sida det kom frå og søkjefeltet blir oppdatert. Er temasøket implementert som direktesøk, skjer oppdateringa automatisk. Er det implementert som assosiasjonssøk, kjem orda opp som forslag til tilleggsord som kan inkluderast i søket.
- Etter at søkjeuttrykket er oppdatert, blir det på vanleg måte sendt til søkjemotoren og du får resultatet tilbake.
Integrasjon
Du kan bruke ulike metodar for å integrere temasøket på heimesida di. Kva metode du vel, er avhengig av trafikkvolum, infrastruktur, og kor stor fleksibilitet og kontroll du vil ha. Vi gir deg nødvendig teknisk oppkoplingsinformasjon for alle alternativa.
Web-form
Dette er den enklaste måten du kan leggje temasøket til sida di på. Har du søkjefelt frå før, brukar du dette. Elles må då lage ei side med søkjefelt som er definert slik at det sender eit søkjekall til vår temasøkside. Vi konverterer søkjeuttrykket og sender det til søkjemotoren, som gir deg resultatet. Ein slik integrasjonsmetode gir tilfredsstillande fart for heimesider med liten trafikk.
Ekstern web-teneste
Denne integrasjonsmetoden krev at du har eigen web-server. Du lagar eit tillegg til programkoden som alt ligg på dine eigen server, som opprettar kontakt med Nynodatas web-teneste og ber den hente supplerande alternativ til søkjeuttrykket. Det konverterte uttrykket du får tilbake, kan så bli sendt til søkjemotoren på vanleg måte. Eksempelkode får du frå Nynodata.
Intern web-teneste
Dette liknar på integrasjon gjennom ekstern web-teneste og det er nødvendig med den same mengd programmering på serveren. Men sjølve web-tenesta er lokalisert på din eigen server, noko som reduserer tida det tek å gjennomføre kvart søk. Det gir deg også maksimal kontroll på bruken av tenesta. Intern web-teneste yter mest på nettstader med stor aktivitet. Visse tekniske krav må oppfyllast for å bruke denne tenesta.
Konfigurering
Det er mogeleg å konfigurere temasøket. Eksempel på konfigurasjon: Søkje med eller utan synonym, søkje med eller utan omsetting, alternativ bøying. Du kan også velje å søkje berre på bokmål eller berre på nynorsk.
Programmeringsdetaljar
Ei meir detaljert teknisk oversikt finn du på http://www.nynodata.no/res/sok/docs/index.html
