Val av språk
Val av språk for nettsider og i søkjeuttrykket påverkar korleis søket blir bygt opp. Du kan konfigurere Norsk temasøk som eittspråkleg synonymsøk eller som tospråkleg søk på tvers av bokmål og nynorsk. NB! Kontroll på endingar eller stemming kan inkluderast i alle typar søk.
Norsk temasøk tilpassar automatisk søkjeuttrykket etter målforma på nettsidene dine. Dersom berre ei målform blir vald, blir søket einspråkleg med synonym.
Typiske brukssituasjonar
Bokmål nettsider
Søkjespråk = bokmål: Søkjer på bokmål og inkluderer bokmål synonym.
Søkjespråk = nynorsk: Søkjer med bokmål omsetjing av nynorsk søkjeuttrykk.
Nynorske nettsider
Søkjespråk = nynorsk: Søkjer på nynorsk og inkluderer nynorske synonym.
Søkjespråk = bokmål: Søkjer med nynorsk omsetjing av bokmål søkjeuttrykk.
Blanda målform nettsider
Søkjespråk = bokmål: Søkjer med bokmål søkjeuttrykk og inkluderer bokmål synonym og nynorsk omsetjing.
Søkjespråk = nynorsk: Søkjer med nynorsk søkjeuttrykk og inkluderer nynorske synonym og bokmål omsetjing.
