Frå bokmål til nynorsk - med Nyno!

Nynodata AS har utvikla Nyno, eit dataprogram som omset frå bokmål til nynorsk.
Programmet effektiviserer arbeidet med å skrive om tekstar og gir hjelp til ein konsekvent formbruk. Det ligg fleire år med utviklingsarbeid bak Nyno. Det blir brukt jamleg både i offentleg verksemd, i næringslivet og i media.
Nyno gjer mellom anna dette:
- Omset på ein enkel og grei måte ein bokmålstekst til nynorsk, delvis automatisk og delvis i samarbeid med brukaren.
- Skriv automatisk om genitivsuttrykk og passivform av verbet.
- Viser alternative avløysarord for fleirtydige bokmålsord.
- Gir høve til å bruke nesten alle valfrie ordformer innafor nynorsk rettskriving.
- Gir høve til å bruke nesten alle valfrie bøyingsformer innan nynorsk rettskriving.
- Tilpassar nynorsken geografisk etter landsdel.
- Hjelper organisasjonen til å fastsetje ein intern standard for språket.
Offentleg verksemd kan bruke Nyno til å oppfylle mållova. Næringslivet kan bruke Nyno som konkurransefaktor i distrikta. Forlaga kan auke talet på godkjende lærebøker på begge målformene. Studentar og elevar kan bruke Nyno i skulearbeidet.
