Hovudfunksjonar i Nyno
Nyno er laga for å lette arbeidet med sambruk av bokmål og nynorsk. Nyno tek utgangspunkt i ein tekst på bokmål og skriv han om, delvis automatisk og delvis i samarbeid med brukaren. Programmet tek omsyn til vanlege grammatikkreglar og syntaksreglar for nynorsk innafor gjeldande rettskriving. Læreboknormalen ligg som standard, men det er mogleg å bruke sideformer. Normalt skal brukaren godkjenne setningane etter kvart som dei blir omsette. Alternativt kan ein køyre heile teksten igjennom og korrekturlese etterpå.
Mange bokmålsord kan gi ulike nynorske avløysarord alt etter kva som er meininga i setninga. Nyno viser då ein boks med ulike alternativ, der brukaren kan velje. Alle ord som er avhengige av problemordet, får automatisk rett bøying.

Skriv om bokmålsteksten direkte frå skjermen i Word eller hent han inn i Nyno. Støyter du på vanskar undervegs, er hjelpa lett å finne!
Du kan starte Nyno rett ifrå Word:
Ordval og bøying
Innanfor gjeldande språkreglar er det rom for store variasjonar i nynorsk. Dette kan brukaren sjølv regulere inne på oppsett for språk. Her kan ein justere både bøying og ordval, og i tillegg bestemme form på vanlege enkeltord.
Du kan bruke nesten alle valfrie former innafor nynorsk rettskriving. Vel alternative former for ulike kategoriar, som for eksempel
- radikalt eller meir konservativt språk (skole eller skule, komme eller kome)
- norsk eller utanlandsk skrivemåte på framandord (kløtsj eller clutch)
- -ø- eller -øy- (lydhør eller lydhøyr)
- hankjønn eller hokjønn av eit ord (avtalen eller avtala)
Eller i ordbøying kan du for eksempel bruke
- infinitiv på -a eller -e, som i gjera eller gjere
- verb bøygt som a- eller e-verb, koka eller kokte
- preteritum på -de eller -te, som i lærde eller lærte
Eksempel på språkinnstilling:

Genitiv og passiv
Passivforma av verbet må som oftast skrivast om i nynorsk. Nyno oppdagar når det ikkje er brukt lovleg passivform, og skriv om automatisk med hjelpeverbet bli eller verte.
På genitivsuttrykk gir programmet forslag til alternative omskrivingar, med bruk av preposisjon eller med pronomenet sin. Ein kan ha ein av måtane som standard, eller tilfeldig val for å variere språket.
På setninga "Her er guttens røde og blå sykkel", får du opp denne boksen:

Språkmalar
Mange treng å variere nynorsken alt etter kva dei arbeider med. Det er også bruk for å tilpasse språket til den lokale dialekten. Her har Nyno fleire ferdige språkmalar som ein kan velje imellom. Slik vil f.eks. folk frå Telemark, Rogaland og Sunnmøre kunne kjenne seg heime med ein nynorsk som er omsett ut frå deira språkmal.
I tillegg til dialektmalane, har Nyno tre generelle malar, for konservativt, moderat og radikal nynorsk. Ein kan også lage eigne malar og lagre desse til seinare bruk. Slik får dei tilsette i ein organisasjon med vedtekne normer for korleis språket skal vere, på ein enkel måte hjelp til å gjennomføre norma.

Ordliste
Nyno har også med ein særskild modul for å endre eller leggje til ord i ordlista. Det vere seg faguttrykk som ikkje ligg i lista - eller ein er kanskje ikkje nøgd med det nynorske avløysarordet. Det er mogleg å sperre allmenn tilgang til ordlista og leggje oppgåva med å vedlikehalde denne til utvalde personar.
Ordlista er bygd opp av materiale frå Bjones/Dalene: Nynorsk ordliste for alle, Kunnskapsforlaget, og frå Dokumentasjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo (inkludert Bokmålsordboka og Nynorskordboka).

