Du er her: Heim > Produkt > Nyno > Nyno som hjelpemiddel

Nyno som hjelpemiddel

Nyno omset på ein enkel og grei måte ein bokmålstekst til nynorsk, delvis automatisk og delvis i samarbeid med brukaren. Genitivsuttrykk og passivformuleringar blir automatisk skrivne om. På ein del ord kjem det opp alternative avløysarord, eller ein får melding om å skrive om setninga, saman med omskrivingshjelp. Ordval og bøyingsformer kan justerast innanfor ramma av godkjend rettskriving.

Gjennom særskilde språkmalar kan ein tilpasse språk etter landsdel eller dialekt. Organisasjonen kan dessutan fastsetje ein intern standard for språket og hjelpe dei tilsette til å følgje denne.

Programmet krev normale nynorskkunnskapar frå vidaregåande skule. Det kan startast direkte frå dei mest kjende tekstprogramma og fungerer integrert med desse. Nyno reduserer kostnader og kvalitetssikrar språket på ein ny måte. Det kan gjere deg og ditt kontor i stand til å møte kundar og kontaktar på den målforma dei ønskjer og har krav på.
I ein rapport for Språkrådet i 2000 blei Nyno testa med programvaretekstar. Konklusjonen var ei tidsinnsparing på ca 70%.