Du er her: Heim > Produkt > Nyno > Media og forlag

Media og forlag

Aviser og media

Store delar av distrikta i Noreg har dialektar som ligg nær opp til nynorsk. Media som arbeider i desse landsdelane, har eit spesielt ansvar for å bruke eit språk som folk kan identifisere seg med. Språket er ein del av personen sin identitet. Skal media "treffe folk heime", må dei også ta omsyn til språket.

Med Nyno kan ein no tilpasse språket etter landsdelar, gjennom bruk av geografisk tilpassa språkmalar.

Nynorske læremiddel

For at ei lærebok skal kunne godkjennast brukt i grunnskulen eller den vidaregåande skulen, må ho liggje føre på både bokmål og nynorsk. Dette har vore ein stor utgiftspost for forlaga, særleg for bøker som har lite salspotensiale.

Med Nyno kan omsetjing av lærebøker bli mykje enklare og billigare. Forlaget kan definere sin eigen språkmal som dei ber omsetjarane bruke, og sikrar gjennom det ein konsekvent formbruk i lærebøkene. Denne funksjonen åleine kan spare forlaga for store utgifter og redusere arbeidet med korrekturlesing. I tillegg finst det mange andre nyttige funksjonar i programmet.

Bruk av Nyno vil ikkje berre komme forlaga til gode, men også alle elevar rundt i landet som sit og ventar på nynorsk undervisningsmateriell. Ettersom skulane er juridisk ansvarlege dersom dei bryt lova på dette punktet, tør mange av dei ikkje ta i bruk læremiddel som berre finst på bokmål og ikkje er godkjende. Dette råkar så alle elevar, ikkje berre dei som bruker nynorsk.