Du er her: Heim > Produkt > Nyno > Næringsliv

Næringsliv

I marknadsføring er det viktig å vise at ein kan identifisere seg med potensielle kundar. Språket er ein del av personen sin identitet. Når du vender deg til folk på deira eige språk, skaper det tillit. Den potensielle kunden ser at du tek han alvorleg og behandlar han med respekt. Gjennom språket identifiserer du deg med kunden og skaper grunnlag for vidare kontakt.

Stadig fleire servicenæringar og bedrifter oppdagar at det er behov for nynorsk i kundekontakt og i marknadsføring. Store delar av distrikta i Noreg har dialektar som ligg nær opp til nynorsk. Nyno hjelper deg i marknadsføring mot distrikta. Du sparer tid, og du kan vinne nye kundar.
Mange bedrifter vil gjerne bruke meir nynorsk. Dei gjer det likevel ikkje fordi det er enklare og billigare å bruke bokmål. Billigare, fordi det tek tid å omsetje ein tekst, og enklare, fordi mange kjenner seg utrygge når dei skriv nynorsk.

Nyno reduserer kostnader og kvalitetssikrar språket på ein ny måte. Det kan gjere deg og ditt kontor i stand til å møte kundar og kontaktar på den målforma dei ønskjer eller har krav på.