Du er her: Heim > Produkt > Nyno > Stat og kommune

Nynorsk i offentleg forvaltning

Uløyseleg problem eller spennande utfordring?

Mange offentlege kontor vil gjerne bruke meir nynorsk. Dei gjer det likevel ikkje fordi det er enklare og billigare å bruke bokmål. Billigare, fordi det tek tid å omsetje ein tekst, og enklare, fordi mange kjenner seg utrygge når dei skriv nynorsk.
Nyno reduserer kostnader og kvalitetssikrar språket på ein ny måte. Det kan gjere deg og ditt kontor i stand til å møte folk på den målforma dei ønskjer eller har krav på

Krav til det offentlege

Mållova set krav til offentleg forvaltning om bruk av nynorsk. Eit minimum på 25 % av alt som blir publisert, skal vere på nynorsk. Dessutan skal dei som vender seg til eit offentleg kontor, få svar på si eiga målform.

Det har dei siste åra blitt reist mykje kritikk mot det offentlege for lite nynorskbruk. Nynodata AS ønskjer å gi ei positiv handsrekning for å løyse problemet, og har laga eit dataprogram som omset tekstar frå bokmål til nynorsk. Programmet Nyno kan hjelpe dei tilsette i offentleg forvaltning til å oppfylle mållova. Det kan auke nynorskbruken monaleg og samstundes kvalitetssikre språket. Saman med tilsette språkkonsulentar og andre med nynorsk spesialkompetanse får offentlege kontor no eit nytt utgangspunkt til å bruke nynorsk aktivt. Mange har alt sett nytten av programmet og kjøpt det inn. Andre har det til utprøving.

Programmet krev normale nynorskkunnskapar frå vidaregåande skule. Det kan startast direkte frå dei mest kjende tekstprogramma og fungerer integrert med desse.

Nyno kan hjelpe ditt kontor til å få opp nynorskbruken på ein enkel måte og møte kravet i mållova.