Du er her: Heim > Produkt > Nyno > Stat og kommune > Krav til rettskriving

Krav til rettskriving

På nynorsk skil ein mellom hovudformer og sideformer.

Hovudformene er ordformer og bøyingsformer som kan brukast i alle samanhengar. Ofte omtaler ein desse som læreboknormalen, fordi dei er obligatoriske i lærebøker. Det er også berre hovudformene som er godkjende i offentleg forvaltning.

Sideformene kan ikkje nyttast i offentleg målbruk og i lærebøker, men kan brukast av elevar i skulearbeid. Sideformene blir også kalla klammeformer, av di dei som oftast i ordlistene er merkte med klammer, [ ].

Bruk av hovudformer ligg som standard i Nyno, men programmet kan også bruke sideformer, fordi desse er utbreidde i mange dialektar.