Du er her: Heim > Produkt > Nyno > Stat og kommune > Mållova

Mållova

Lov om målbruk i offentleg teneste (mållova) set krav til offentleg forvaltning om bruk av nynorsk. Minst 25 % av alt som blir publisert skal vere på nynorsk. Dessutan skal dei som vender seg til eit offentleg kontor få svar på si eiga målform.

Intensjonen med mållova er å sikre ein aktiv bruk av nynorsk i det norske samfunnet og gi den enkelte samfunnsborgaren rett til å få tilbakemelding i eit språk som han identifiserer seg med.

I stortingsmelding nr 7, 2005-2006, blir det peika på at dette er eit krav som få så langt har makta å innfri. Meldinga har målt bruken av nynorsk i alle statsorgan fram til 2004.

I dokument på frå 1-10 sider er det 9 % nynorskbruk. I større meldingar blir nynorsk brukt 17 %. Variasjonane mellom dei ulike statsorgana er store. Eit komplett oversyn over nynorskbruken får du her.

Årsakene til at mållova ikkje blir oppfylt, ligg for mange forvaltningsorgan i at omsetjing til nynorsk kan vere både arbeidskrevjande og dyrt. Mange bokmålsbrukarar kjenner seg dessutan utrygge når dei skriv nynorsk. I ein pressa arbeidssituasjon, anten det no gjeld tid eller pengar, vel ein den lettaste vegen.

Nyno som hjelpemiddel

Dataprogrammet Nyno kan hjelpe tilsette i offentleg forvaltning til å oppfylle mållova. Det kan auke nynorskbruken monaleg og samstundes kvalitetssikre språket. Omskriving frå bokmål skjer i samarbeid med brukaren.

Programmet krev normale nynorskkunnskapar frå vidaregåande skule.