Utdanning
Nyno studentversjon er laga for studentar ved høgskule eller universitet og for elevar i vidaregåande skule. Programmet skal vere eit hjelpemiddel til å lære nynorsk og til å produsere nynorske tekstar.
Du som gjerne vil eller må lære nynorsk, får gjennom Nyno eit supplement til den undervisninga du alt har. Dette er ein ny måte å lære på. Programmet tek utgangspunkt i eit språk du kjenner, nemleg bokmål, og gir deg eit forslag til nynorsk omsetjing av setninga. Av og til må du ta stilling til alternativ eller prøve å finne andre formuleringar. Men då har du alt ei heil setning å ta utgangspunkt i, noko som gjer det lettare å endre på detaljane. Ofte kan du godkjenne forslaget med ein gong og gå vidare. Det er også mykje hjelp å hente undervegs.
Vi meiner ikkje at du no kan hoppe over den vanlege undervisninga i nynorsk. Den detaljkunnskapen du der får, har du bruk for når du skal vurdere forslaga frå programmet.
Men vi trur at denne måten å arbeide på, vil gjere det lettare og meir moro å lære nynorsk.
Både dei som har nynorsk som hovudmål og dei som har det som sidemål kan bruke Nyno. Men det er ulike delar av programmet som er sentrale. Til høgre finn du meir detaljert informasjon for dei to gruppene.
