Du er her: Heim > Produkt > Ordrik

Ordrik

Ordrik er laga for deg som skriv nynorsk og ønskjer litt hjelp. Når du treng andre måtar å uttrykkje deg på, kan du slå opp i Ordrik og finne alternative ord.

Hugsar du berre bokmålsordet, kan du få omsetjing til nynorsk. Klikk på forslaget til nynorskord og erstatt bokmålsordet!

Ordrik kan brukast av alle som skriv nynorsk og som bruker ein nyare versjon av Microsoft(R) Office. Anten du er journalist, sekretær, bonde, direktør, elev, lærar, eller kva jobb som helst, vil du ha nytte av Ordrik når du skriv nynorsk.

Vil du skrive eit variert nynorsk, slår du opp i Ordrik og finn eit synonym som høver. Klikk på synonymet og set det inn i teksten.

Er du usikker på kva eit ord tyder, kan du bruke lenkja til Nynorskordboka på nettet og finne ordforklaringar.

I tillegg bøyer Ordrik automatisk synonyma i same form som oppslagsordet, slik at du kan setje erstatningsordet rett inn i teksten. Gjennom skiljet mellom hovudformer og sideformer ser du om eit nynorskord er lovleg for deg å bruke. Der er regelen at i offentleg forvaltning og i lærebøker kan ein berre bruke hovudformer, elles kan ein bruke alle formene.

Ordrik blir installert som fullintegrert synonymordliste i Microsoft(R) Office 2000 eller nyare.