Integrasjon med Microsoft Office
Ordrik blir integrert med Microsoft(R) Office frå versjon 2000 og nyare. Den som er vant til å bruke synonymordliste i Office, kjenner seg att med ein gong. Det er ingen skilnad på å bruke Ordrik og dei andre synonymordlistene som blir levert saman med Office.
Installasjonen integrerer Ordrik automatisk i den Office-versjonen som ligg på maskina di. I tillegg får du installert eit særskilt program som du kan bruke til konfigurering, til lisensoppdatering og til nedlasting av oppgraderingar.
Bruk i Microsoft Word
Av Office-programma er Word særleg aktuelt for Ordrik. Der det er mykje tekst, er også behovet stort for hjelp til å finne gode og rette ord. Når det gjeld fullintegrerte synonymordlister i Word , er Ordrik det einaste alternativet som til no er tilgjengeleg for nynorsk.
Bruke Ordrik i andre program i Microsoft Office 2003
Over alt i Microsoft Office 2003 der du har tilgang til oppslagsrute, kan du også slå opp i Ordrik, som blir liggjande som alternativ blant annan referanselitteratur og oppslagsverk. Dette gjeld Word, Excel og Powerpoint(R). Dessutan i Outlook(R) og Microsoft Internet Explorer 6(R). Sjå dokumentasjonen i dei ulike programma om oppslag.
