Kva får du i Ordrik?
Ordbøkene i Ordrik har ei rad funksjonar som gir tilgang til ei mengd informasjon. Det er eit mål at informasjonsmengda ikkje skal kome i vegen for det du har mest bruk for. Derfor er mykje skjult i det biletet som først møter deg når du startar opp. Men med enkle museklikk kan informasjonen hentast fram etter behov.
Dette gjer Ordrik:
- slår opp bøygde former. Du treng altså ikkje lenger finne tilbake til den ubøygde forma, slik som du må i trykte ordbøker.
- viser alle bøyingsformer for ordet som fulle former, ikkje berre endingar.
- alle bøyingsformene er tilgjengeleg, også dei som ikkje står i trykte ordbøker.
- viser ordforklaringar.
- viser nære synonym. Dette er ord som har identisk tyding, men som har alternative skrivemåtar, for eksempel høgskole/høgskule og komme/kome på nynorsk.
- viser alternative bøyingsformer, som lærde/lærte og skrive/skriva på nynorsk.
- viser hovudformer og sideformer for nynorsk.
- viser nynorskord for bokmålsord (gjeld ordboka Bokmål til nynorsk). Ofte kan du velje mellom fleire nynorskord.
- slår opp ordet i alle ordbøkene du har valt.
- brukarstyrde innstillingar for kor mykje informasjon som blir vist og korleis han blir vist.
- viser alternative innstillingar for enkeltord gjennom høgreklikk på musa.
- kan vise informasjon frå andre ordbøker dersom ordet er ukjent i den ordboka du søkjer i.
- viser hjelpetekst når du peikar på eit element.
