Du er her: Heim > Produkt > Ordrik > Kven kan bruke Ordrik?

Kven kan bruke Ordrik?

Alle som skriv eller les nynorsk, kan bruke Ordrik. Fordi programmet blir installert på den lokale maskina, kan også elevar bruke det til skriftlege eksamenar.

Typiske brukssituasjonar

Du veit ikkje om eit ord er lovleg på nynorsk.
Slå opp i nynorsk ordbok. Du får opp standard bøyingsformer, med tilgang til ordforklaring og utvida bøying. Dersom ordet er eit bokmålsord, får du automatisk nynorskord frå ordboka bokmål til nynorsk (krev lisens). Du kan også slå direkte opp i denne ordboka.

Du treng bøying for eit ord.
Slå opp i nynorsk ordbok. Ordforklaring hjelper deg dersom du får tilslag på fleire ord. Skriv du feil i søket, får du forslag til korrekt ord.

Du vil variere språket i teksten.
Slå opp i ordboka nynorske synonym. Treng du bøying eller ordforklaring, finn du dette på knappar under kvart ord i resultatet.