Ordbøker i Ordrik
Ordrik®, versjon 2, har tre ulike ordbøker. Du kan sjølv velje kva bok du vil slå opp i, ei, to eller alle.
Alle ordbøkene kan vise nynorsk bøying, ordforklaringar, valfrie ordformer og sideformer. Du kan sjølv velje kor mykje informasjon du vil vise frå kvar, men ei standardinnstilling viser det som er mest aktuelt ut frå boka si eigenart.
Du kan søkje med bøygde former i alle ordbøkene, og får tilbake ord med same bøyingsform i søkjeresultatet.
Ordrik - nynorsk
Inneheld meir enn 100 000 oppslagsord, i tillegg til bøygde former. Viser som standard nynorsk bøying, ordklasse, valfrie ordformer og sideformer. Du kan velje å vise ordforklaring for kvart ord.
Ordrik - bokmål til nynorsk
Inneheld meir enn 70 000 oppslagsord på bokmål. I tillegg kan du søkje på bøygde former av desse. Viser som standard nynorske avløysarord (nynorsk alternativ) med valfrie ordformer og sideformer. Du kan klikke på kvart ord og få nynorsk bøying og ordforklaring.
Ordrik - nynorske synonym
Inneheld nær 70 000 synonym for ca 6000 oppslagsord. Du kan søkje med bøygde former. Viser som standard nynorske avløysarord (nynorske alternativ) med valfrie ordformer og sideformer. Du kan klikke på kvart ord og få nynorsk bøying, ordforklaring og valfrie former.
