Du er her: Heim > Produkt > Ordrik > Samanlikning med trykte ordlister

Fordelar med Ordrik

Samanlikna med trykte ordlister og nettutgåver av desse, har Ordrik mange fordelar. I dei trykte utgåvene er det viktig å presse mest mogleg informasjon saman på liten plass. I Ordrik blir informasjonen vist fullt ut og gir betre oversikt.

 

Trykte ordbøker

Ordrik

1

Bøying berre vist som endingar: kjenne -r, -nde [-nte], -nt [-nd].

Bøying vist som fulle former: kjenne - kjenner -kjende/[kjente] - kjent/[kjend].

2

Tilvisingar til andre ord i ordlista.

Lenker hentar opp tilvisingar automatisk utan ekstra oppslag.

3

Manglar hjelpetekstar for bøying.

Har hjelpetekstar, f.eks:
preteritum: i går kjende/[kjente].

4

Avgrensa mengde bøyingsformer.

Viser alle bøyingsformene, gruppert på ulike nivå.

5

Fast mengde informasjon blir vist.

Brukarstyrde innstillingar av informasjonsmengde.

6

Mange uvanlege forkortingar som krev oppslag i særskild forkortingsliste.

Unngår uvanlege forkortingar som krev ekstra oppslag. Forklaring dukkar opp når du treng det.

7

Manglar bøying ved samansette ord, eks: sommarhus.

Viser bøyingsformer ved alle aktuelle ord: sommarhus - sommarhuset - sommarhus - sommarhusa/[sommarhusi].