Ulike synonymgrupper
I Nynorskordboka er eit synonym definert som "ord med same eller nesten same tyding som eit anna ord". Ei utfordring for ei synonymordliste er å vise brukaren mangfaldet av alternative ord og samstundes gi god oversikt.
Ordrik løyser dette gjennom å gruppere synonyma i ulike kategoriar etter kor nær dei ligg oppslagsordet i tyding, og etter stilistiske og normative kriterium. Slik gir Ordrik svært presis tilbakemelding på det du er ute etter. Du kan sjølv avgjere kven av kategoriane du vil vise.
Nynorskord for bokmålsord
Hjelp til å finne nynorske erstatningsord for bokmålsord er ein viktig del av Ordrik. Her får bokmålsbrukarar og utrygge nynorskbrukarar hjelp til å uttrykkje tankar og meiningsinnhald når dei skriv nynorsk. Skriv inn bokmålsordet i teksten og få direkte opp på skjermen nynorske alternativ, ferdig bøygd i same form som bokmålsordet!
Eksempel: anerkjennelse (bokmål) gir nynorsk ros, godkjenning m.fl.
Nære synonym
Dette er ord som i praksis er identiske i tyding, men som av stilistiske årsaker har ulike skrivemåte. Bakgrunnen er mangfaldet av valfrie ordformer som finst på nynorsk.
Eksempel: utdanning/utdaning, skole/skule.
Generelle synonym
Dette er ord som har same tematiske innhald som oppslagsordet, men som ikkje alltid tyder det same. Meiningsinnhaldet du skal uttrykkje avgjer kva ord du kan bruke. Gjennom å lese gjennom synonymforslaga får du hjelp til å finne ord som passar inn i samanhengen.
Sideformer
Sideformer er ord som er vanlege i fleire dialektar, men har ein lågare status i norsk rettskriving. Sideformer kan ikkje brukast i lærebøker eller i dokument frå offentleg forvaltning, men er lovlege i andre samanhengar. Det er altså brukssituasjonen som avgjer om desse synonyma kan nyttast eller ikkje.
Eksempel: sette (sideform) av setje (hovudform).
Relaterte ord
Relaterte ord er nærslekta ord, gjerne med ei anna ordklasse og anna tyding. Til desse høyrer dei likeskrivne orda (homonyma), som er ord med same skrivemåte, men heilt ulik meining. Stundom er dei bøygde former av ulike ordklasser. I Ordrik er orda grupperte etter ordklasse eller meining, og lettar slik arbeidet med å finne eit godt erstatningsord.
Eksempel: aggresjon (subst.) av aggressiv (adj.) , boksar (subst. eint.) og boks(subst. fleirt.)
