Nynodata utviklar omsettings-, korrektur- og søkjeverktøy for bokmål og nynorsk. Gjennom mange års forsking og utvikling har vi jobba fram verktøy og språkressursar som effektiviserer tekstproduksjonen og kvalitetssikrar språket.

Det norske språklandskapet er svært samansett. I tillegg til to offisielle målformer, bokmål og nynorsk, finst det ei mengd variantar innan kvar av dei. Dette stiller store krav både til skriveverktøy og verktøy for søk. Vår lokalisering i hjartet av Telemark, midt i skjeringslinja mellom bokmål og nynorsk, gir oss ein særleg god bakgrunn til å løyse tverrspråklege utfordringar.

Frå bokmål til nynorsk - med Nyno!

Nyno er eit program for omsetting frå bokmål til nynorsk. Programmet effektiviserer arbeidet med å skrive om tekstar og gir hjelp til ein konsekvent formbruk.

Finn ut meir

Ordrik

Ordrik er ei nynorsk synonymordliste som også gir deg nynorsk omsetting av bokmålsord. Fullt integrert i Microsoft(R) Office.

Finn ut meir

Aktuelt

Lansering Nyno 3.3

23.11.2009

Nyno versjon 3.3 er klar. Den nye versjonen har ca 45 000 nye ord og kan no omsetje meir enn 118 000 bokmålsord til nynorsk. I tillegg kjem ei mengd samansette ord.

Langt fram til oppfylling av mållova

27.03.2009

Ny statistikk frå Språkrådet viser at berre 17 av 140 statsorgan oppfyller mållova. Nynodata har utvikla programvare som kan endre dette.

Nyno i Arbeids- og inkluderingsdepartementet

02.09.2008

Arbeids- og inkluderingsdepartementet abonnerer på Nyno. Frå 1. juli kan meir enn 300 tilsette i departementet bruke Nyno til å produsere nynorsk tekst.

Gå til arkivet