Frå bokmål til nynorsk
- med Nyno og Nynorobot!

Nyno® og Nynorobot skriv om tekst frå bokmål til nynorsk og gir hjelp til å bruke eit konsekvent språk.

Med Nyno og Nynorobot kan du få gjort dette og mykje meir:
  • Omsette bokmål til nynorsk.
  • Endre ordstilling når det er behov for det.
  • Velje stilmalar for radikal, moderat eller konservativ nynorsk.
  • Tilpasse språket geografisk etter landsdel.
  • Velje alternative nynorskord for fleirtydige bokmålsord.
Illustrasjon

Sentrale bruksområde

Næringsliv

I marknadsføring er det viktig å legge grunnlag for vidare kontakt. Språket er ein del den personlege identiteten. Gjennom språket identifiserer du deg med kunden og skaper tillit. Store delar av distrikta i Noreg har dialektar som ligg nær opp til nynorsk. 

Nyno og Nynorobot kan gjere deg og ditt kontor i stand til å møte kundar og kontaktar på den målforma dei ønskjer og har krav på.  Nyno og Nynorobot reduserer kostnader og kvalitetssikrar språket på ein ny måte. Du sparer tid og du kan vinne nye kundar.

Nynorsk i offentleg forvaltning

Uløyseleg problem eller spennande utfordring?

Mange statlege kontor vil gjerne bruke meir nynorsk og oppfylle kravet i språklova om minimum 25 % nynorsk. Dei gjer det likevel ikkje fordi det er enklare og billigare å bruke bokmål. Billigare, fordi det tek tid å omsette ein tekst, og enklare, fordi mange kjenner seg utrygge når dei skriv nynorsk.

Nyno og Nynorobot reduserer kostnader og kvalitetssikrar språket på ein ny måte. Nyno og Nynorobot kan gjere deg og ditt kontor i stand til å oppfylle mållova og møte folk på den målforma dei ønskjer og har krav på. 

Språkrådet kontrollerer kvart år om statleg forvaltning oppfyller kravet i Språklova. Her kan du sjekke status for ditt kontor. Ligg de framleis under 25 %? Kontakt oss gjerne for dialog om korleis de kan nå målet!

Media og forlag

Lokale media

Møt folk på deira eige språk! Store delar av distrikta i Noreg har dialektar som ligg nær opp til nynorsk. Media som arbeider i desse landsdelane har eit spesielt ansvar for å bruke eit språk som folk kan identifisere seg med. Språket er ein del av personen sin identitet. Skal media "treffe folk heime", må dei også ta omsyn til språket. 

Med Nyno og Nynorobot kan du tilpasse språket etter landsdelar, gjennom bruk av geografisk tilpassa språkmalar.

Nynorske læremiddel

Nynorobot - ein rask og effektiv veg til nynorskutgåver!

Parallellutgåver på bokmål og nynorsk har vore ein stor utgiftspost for forlaga, særleg for bøker som har lite salspotensiale.

Med Nynorobot kan omsetting av lærebøker bli mykje enklare, billigare og gi monaleg tidsinnsparing i hektiske periodar fram mot skulestart på hausten.

Eit system med stilmalar gjer at språket blir tilpassa dei krava forlaget har til konsekvent formbruk. Systemet dekkjer praktisk talt alle valfrie former innanfor nynorsk rettskriving, ikkje berre enkeltkategoriar.

Utdanning

Alle universitet og høgskular pliktar å følgje kravet i Språklova om minimum 25 % nynorsk i alle tekstkategoriar som blir publisert skriftleg. I tillegg skal alle eksamensoppgåver kunne vere tilgjengeleg på begge språka.

Språkrådet kontrollerer kvart år om universitet og høgskular oppfyller kravet i Språklova. Her kan du sjekke om din institusjon oppfyller kravet. Ligg de framleis under 25 %? Kontakt oss gjerne for dialog om korleis de kan nå målet!

Nynodata utviklar omsettings-, korrektur- og søkeverktøy for nynorsk og bokmål. Etter mange års forsking og utvikling kan vi levere programvare som effektiviserer tekstproduksjonen og kvalitetssikrar språket.