Skulepakke

Vidaregåande skular og ungdomsskular kan abonnere på skulepakke av Ordrik til ein svært låg pris. Skulepakken gir lisens til alle elevar og lærarar ved skulen.
Ordrik kan brukast både på Windows, Mac og Linux.

Pris Ordrik skulepakke

Følgjande prisar gjeld på skulepakke for vidaregåande skular og ungdomsskular:

  • Ordrik grunnpakke, med lisens for 100 elevar/lærarar: kr 2000 + mva per år.

  • Ordrik lisenspakke utdanning, tilleggslisens for 100 elevar/lærarar: kr 500 + mva per pakke per år.

Merk! Skular med under 60 elevar og lærarar kan kontakte oss for spesialpris!

Prisane gjeld abonnement per år for sitelisens, som inkluderer alle elevar og lærarar ved skulen, sjå vilkår for installasjon. Totalprisen blir fastsett etter samla tal på elevar og lærarar, avrunda opp til næraste hundre.

Eksempel: Ein skule med 580 elevar og 90 lærarar (670 totalt) treng grunnpakke + seks lisenspakkar. Pris kr 5000 + mva.

Ordre skulepakke

Du kan bestille Ordrik skulepakke direkte frå Nynodata eller som e-post til salg@nynodata.no.

Lisens- og installasjonsvilkår

Skulepakken gir lisens til å bruke Ordrik for alle elevar og lærarar ved skulen, til vanlege lisensvilkår og med følgjande alternative installasjonar:

  • Installasjon for bruk på skulen sitt nettverk (med filserver eller terminalserver).

  • Utrulling på lokale maskiner. Dette kan vere maskiner i skulen sitt nettverk eller berbare maskiner. Det er eit krav at installasjonen blir utført av datapersonalet ved skulen. Lisensar kan ikkje leverast ut til elevar eller tilsette utan etter særskild skriftleg avtale med Nynodata.

Skulen er ansvarleg for å sikre at lisensdistribusjonen skjer i samsvar ved vilkåra i abonnements- og lisensavtalen.

Grunnpakken inkluderer lisensiering og installasjonshjelp på telefon eller e-post for installasjonsalternativ 1 eller 2.

Nettverksinstallasjon og lisenstypar

Illustrasjon

Nynodata utviklar omsettings-, korrektur- og søkeverktøy for nynorsk og bokmål. Etter mange års forsking og utvikling kan vi levere programvare som effektiviserer tekstproduksjonen og kvalitetssikrar språket.